mandag 26. april 2010

Solnedgang

ringverknader

ein drope raudt
frå kveldsola over ein stille fjord

orda
ein nymåla båt
frå han til henne
og tilbake igjen

penselen som ei åre
glei lett
skapa ringar

dropen flaut ut

ana ikkje
berre mildt håpa
på ringverknadane

enno
same båt
same fjord
same sol


Ingen kommentarer: